Postvegrittet Ung

Det vert og arrangert eit eige sykkelritt for born på arenaen rundt Fjalerhallen. Arrangementet er gratis, og det vert fine premier til alle.  Alle får Postvegrittet T-skjorte, i tillegg trekk vi ut to fine syklar blant dei som deltek på rittet. Arrangementet er tenkt gjennomført ca kl 1500, som betyr at alle vaksne som syklar kan vere
med og heie på «poden». Det vert tre ulike løyper. Men her kan ungar og foreldre avgjere sjølv kva løype ungen skal delta i litt etter fysisk nivå. Det vil bli tidtaking på dei største ungane.

Dersom ein fyller 17 år kan ein delta i Postvegrittet. For dei som er fyller 16 år i inneværande år eller er yngre enn dette så har vi Postvegrittet Ung. Påmelding i hallen frå klokka 12. Sjølve rittet startar omlag klokka 15. Først dei yngste, så 11-13 klassen og til slutt 14-16.

Vi har tre klassar
Opp til 10 år (Født 2005 – ) – sykler 850 meter.
11 til 13 år (Født 2002 – 2004) – sykler 5,7 km
14 til 16 år (Født 1999 – 2001) – sykler 7,2 km.

Dersom ein sjølv ynsker det og foreldre godtek det kan ein gå opp ein klasse.

Løype for dei opp til 10 år – 850 meter lang, sjå kart og film under.

Opp til 10 - satelitt

Løype for dei over 10 år.
11-13 5,7 km
14-16 7,2 km (to runder)
Løypa går frå hallen mot Jarstad bru, til høgre over brua – elvestien til endes og så ein skarp venstresving inn på asfalt. Stigning opp til terreng parti starter – ei blaut myr før ein syklar ned ein bratt bakke (moldbakkane) og tilbake grusvegen til Jarstad bru – når ein kjem tilbake til Jarstad bru fortsetter ein rett fram og inn i ein høgresving – der tar ein av til høgre og syklar terreng tilbake til den samme bratte bakken (moldbakkane). Derifrå er det tilbake til Jarstad bru, dei som har lang løype tek ei runde til i terreng, medan som syklar 5,7 km syklar tilbake til Idrettshallen.

BarneRitt2015