Om Postvegen

Litt historie om Postvegen

Den Trondhjemske postveg mellom Dale og Leirvik vart bygd i 1801-06 som ein del av vekefast postgang mellom Bergen-Molde-Trondheim. Det særmerkte for postvegen er dei mange karakteristiske steinbruene, som fortel om eit framifrå tørrmurerhandverk. Etter kongeleg påbod skulle sjølve postvegen vere 6 alen brei, i tillegg eit par alen til grøfter. Postvegen vart lagt raskaste vegen opp og ned bakkar, ofte der dyra hadde gått.

Vedlikehald vart pålagd grunneigarar og andre som budde langs vegen. Postvegen går langs variert kulturlandskap med mange kulturminne og har gjennom år vore ein viktig veg for landbruket. Desverre har ikkje vedlikehald vore ei prioritert rolle for vegen, men traseen til Postvegrittet har dei seinare år vorte rydda og haldt. Dale IL Sykkel samarbeidar no med grunneigarar og håper på den måten å bidra til at vegen vert meir nytta og prissett. Vi håpar også at marknadsføringa vi får gjennom å vere seedingritt til Birkebenerrittet skal få opp kjennskap til og merksemda Den Trondhjemske postveg fortener.

Litt historie rundt traseen til Postvegrittet:

Håland – Flekke: Håland bru er bygd i 1806 og her finst bruer frå 3 epokar. Postvegen går vidare over til Flekke gjennom Stavsdalen. Rittet føl vegen her.

Botnetjønna-Espedal: Innkøyring mot Vassliås der vi finn vassliås bru og større klopper over Kjoselv og Tverrelv
Espedal-Sveien: Her går det bratt oppover frå Espedal bru, bygd 1807. Vidare passerer ein Brekke, Stordal og Vestdal bruer frå rundt 1866. Ved sistnemde bru kan ein sjå utviklinga av telenettet frå 1866.
Hovland: Eldste postvegen gjekk gjennom Hovland og opp brattebakken men vart omlagd i 1834
Rittet går frå gardane på Hovland til hovudvegen der ein syklar på FV57 attende til Flekke og innatt på Postvegen opp Stavsdalen