Praktisk informasjon

START OG MÅL

Rittarena er i og ved Fjalerhallen i Dale sentrum, følg skilt
frå FV 57. Her vert start og mål, og her finn du parkering, sekretæriat,
garderobar/dusj, sykkelvask og matservering. Her vil det og vere
premieutdeling frå ca kl 1445.

Møt opp i god tid, seinast 30 min før start

Postvegrittet har puljestart etter seedingprinsipp, start er kl 1200. Puljene vert justert etter kor mange deltakarar det vert.
Rekordpulja startar først. Oppstilling til start 11:50.

Maks tid

Det vil vere ei makstid, dei som kjem ned på asfalt på Loneland etter 14:30 vil få tilbod om transport tilbake til målområdet. Ein har då sykla i 2 1/2 time og har sykla 28 kilometer. Så det er fortsatt 17 kilometer til mål.

TRYGGLEIK

Postvegrittet er eit tur-ritt. Det betyr at alle ryttarar må fyljge NCF sitt
rittreglement for tur-ritt. Det er påbudt å bruke hjelm, fylgjebil i trasseen
er ikkje tillatt. Alle ryttarar er pålagt å fylgje retningslinjer gitt av
funksjonærar langs løypa samt generell skilting.Gjer og merksam på at
vanlege trafikkreglar gjeld ved kryssing og køyring langs trafikkert veg.

Ryttarane syklar gjennom to korte opplyste tunnellar, det kan difor vere greit
å ha rødt baklys på sykkelen. Hugs gode dekk på sykkelen. Det er og viktig
å ha med verktøy og slange då ein ikkje kan pårekne seg å få teknisk
hjelp ute i løypa.

Ryttarane vil ha fylgje av fleire ATV gjennom løypa. Ein ATV køyrer først
og leder vei gjennom løypa. Ein ATV vil ligge sist og fange opp eventuelle
problem som skulle dukke opp. I tillegg vil to stk ATV trafikkere løypa.
Mannskap på desse vil bistå ved uhell og gje generell hjelp så langt det er råd.
I tillegg vil det vere mannskap og ambulanse frå Røde Kors ute i løypa.

Traseen vert skilta med piler og varsel om farlege og krevande parti. Ved kryssing
av trafikkert veg vil det vere vegvakter som på enkelte stader vil stoppe trafikk.
Det er likevel ditt ansvar å vere oppmerksom på mulig trafikk.

Ver merksam på at det er beitedyr i delar ev området vi skal ferdast i.

MAT OG DRIKKE

Postvegrittet har ikkje matstasjon undervegs i rittet, men JOKER FLEKKE vil ha ein drikkestasjon med Cola i Stavsdalen ca 8 km før mål. I tillegg vil det vere mulig å få seg ei drikkeflaske i Espedal etter ca 25 km dersom du skulle vere uheldig å miste flaska di undervegs.
Der vil vere tilgjengeleg bananer og drikke i Fjalerhallen før start.

Arrangøren ber om at det ikkje vert kasta avfall i naturen rundt løypa,
med unntak av bananskall!

Etter målpassering vert det servert vår gode betasuppe til alle deltakarar inne i Fjalerhallen.
Der vil og vere mogeleg å få kjøpt kioskvarer m.m.

Premieutdeling frå klokka 1445.

TIDTAKING OG LISENS/STARTNUMMER

Postvegrittet nyttar Emit elektronisk tidtaking. (tur-klasse). Denne gjev kvar enkelt ryttar nøyaktig tid ved passering, d.v.s at det ikkje vil vere slik at fleire som kjem saman til mål nødvendigvis får samme tid. Alle ryttarar får då ei brikke som festast på venstre legg med borrelås. Brikka kan med fordel leggast under sokken for å unngå skit og vatn.  Hugs at brikka skal takast av og leverast personell frå arrangøren straks etter målpassering.

Startnummer skal festast med strips framme på sykkelens styre.

Alle ryttarar må framvise lisens ved henting av startnummer.
Dersom du ikkje har heilårslisens gjennom klubb kan du kjøpe
eingongslisens av oss til kr 200,-. Kva type lisens du har registrerer du på
påmeldingssida deltager.no. Eingongslisens kan ikkje kjøpast på deltager.no
men må betalast kontant ved henting av startnummer på sjølve rittdagen.

PREMIERING

Alle som deltek får vår flotte «postvegrittet» T-skjorte av god kvalitet. I tillegg vert det premie til alle klassevinnarar i turklassen.

SYKKEL VEDLIKEHALD FØR OG ETTER START.

MX Sport Alf Salbu stiller ved Fjalerhallen før start, og vil prøve å bistå dersom det skulle vere noko uforutsett og uventa som skjer med sykkelen din.

Vi har begrensa tilgang til utstyr for vask av sykkel. Greit difor å kjapt ta ein sykkelvask etterkvart som de kjem i mål, så unngår vi for mykje kø ved slangane.

DUSJ/GARDEROBE

Vi har tilgang på 4 garderober med dusj. Det skal difor vere god kapasitet for dei av Dykk som ynskjer å nytte Dykk av det tilbodet.

POSTVEGRITTET PÅ FACEBOOK

Vil du sjå bilder frå traseen kan du gå inn på linken «bildegalleri». Du kan og søke opp Postvegrittet på Facebook. Der ligg det og bilder frå store deler av turen rundt. Du finn og ein del bilder på Origo og «Kva Skjer» sidene i Firda.

ER DU USIKKER PÅ VEGEN TIL OSS?

Dale ligg i Fjaler Kommune i Sogn og Fjordane, ca 160km
nord for Bergen. Klikk gjerne på linken under så finn du kart.

http://maps.google.no/maps?hl=no&q=dale%20i%20sunnfjord&gs_sm=c&gs_upl=2047l4860l0l8l7l0l1l1l0l219l767l2.3.1&bav=
on.2,or.r_gc.r_pw.&biw=1020&bih=567&wrapid=tlif130506352581111&um=1&ie=UTF-8&sa=N&tab=wl

Kart og løypeprofil.

Løypelengede:  46 km
Høgdemeter:     760

Starten går ved Fjalerhallen i Dale sentrum, deretter vert det noko stigning på grus og asfalt opp til Strandavatnet.
Traseen fylgjer så vegen rundt vatnet tilbake til FV 57 ved Stav.

Ved Stav kjem det først ein bratt oppoverbakke opp til FV57, hald godt til venstre vist du vil prøve å sykle opp der.
Deretter stuper det ufor ein bratt bakke ned  mot skytebana og vidare mot Flekke. Ver forsiktig i denne bakken, noko lausgrus gjer det krevande. Frå Flekke syklar vi FV 57 ca 2 km før vi tar av og tek grusvegen opp til Vassliås og Breivatnet. Der går vi over til variert terreng.

Vi er no inne på Den Trondheimske Postveg som i praksis er kjerreveg og skogsveg. Når vi kjem til tunet i Espedal kjem det ein bratt bakke oppover, her vil det for dei fleste vere nødvendig å gå av sykkelen ca 100 m. Frå toppen er det fint skogsterreng eit godt stykke til vi er på toppen over Hovland. Her kan det vere greit å prøve å innta litt næring, vi er no ca halvvegs tidsmessig. Vi har no tilbakelagt ca 25 km og her rundar
løypa nedover til Hovland på beitemark og gras/lyng, dette partiet er bratt og krev full konsentrasjon og aktsemd. Her er periodevis mykje stein og ujamne parti. Kan vere lurt å halde seg til høgre det meste av denne nedstigninga.

Forbi Hovland kjem vi ned att til FV 57, og syklar asfaltvegen tilbake til Flekke, ca 8 km.

Tilbake i Flekke syklar vi opp den same traseen vi kom ned tidlegare, det betyr to svært bratte motbakker. Her er det opp til kvar enkelt om ein vil prøve å sykle opp, viktig at du held godt til høgre dersom du går opp slik at ryttarar bak deg kan sykle om dei vil. Når vi kjem opp til Stav att tek vi same bakken ned att som vi kom opp tidlegare, men i botnen av bakken tek vi til venstre og syklar ein bratt  bakke ned til kraftstasjonen. Her er det og viktig å vere forsiktig, midt nede i bakken er bratt og delvis laus grus. Hald godt til høgre!

Vi kjem deretter tilbake til den same vegen som vi starta, denne fylgjer vi no tilbake til Fjalerhallen og målgang der, etter ei lita sløyfe ut på jordet ved sida av Fjalerhallen.

Som vist på kartet fylgjer deler av løypa same trase både fram og tilbake,
men det er ingen fare for å møte andre syklistar i løypa då vi har fellesstart og desse områda er tidleg i rittet.

Kart.jpg

Høgdeprofil:
Høgdeprofil.jpg